ID-kort innenfor bygg- og anleggsbransjen |
Den nye forskrifta om identitetskort i bygg- og anleggsbransjen trer i kraft 1. januar 2008. Frå same dato kan ein bestille korta frå Norsik AS. Innan 1. juli 2008 må alle arbeidstakarar ordninga gjeld bere id-kort. Det er eit vilkår for å sende ut id-kort at lovpålagte krav om registrering i relevante offentlege register er oppfylt. – Det er viktig at verksemdene allereie no kontrollerer at dei er korrekt registrerte i dei offentlege registra, elles kan dei risikere å få stansa arbeidet ute på bygg- og anleggsplassane, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen. Etter nyttår vil det vere mogeleg å bestille id-korta frå Norsik AS. Det vil ta noko tid før heile bransjen har fått id-kort. Arbeidstilsynet vil derfor leggje vekt på informasjon om ordninga i sitt tilsynsarbeid fram til sommaren. – Frå og med i sommar må alle som er omfatta av forskrifta ha skaffa seg id-kort, elles risikerer dei både stansing av verksemda og i særlege fall å bli politimeldt og få bøter, seier statsråden. Aktuelle register for bransjen er i denne samanhengen Enhetsregisteret, Merverdiavgiftsmanntallet og Arbeidsgiver- og arbeidstakerregisteret. For utanlandske verksemder er Sentralskattekontoret for utanlandssaker også relevant. Informasjon om kva for register den enkelte verksemda har registreringsplikt til, får ein ved å vende seg til det enkelte register eller Servicekontoret for utanlandske arbeidstakarar i Oslo. Informasjon om ordninga finn ein på Arbeidstilsynets nettsider |
Webredaktør |
